Hopp til innhold
Portrett av Leonhard Euler av Johann Georg Brucker.
Portrett av Leonhard Euler av Johann Georg Brucker.
X
Innhald

Leonhard Euler

Leonhard Euler, ein av grunnleggjarane av moderne matematikk.

Leonhard Euler, 1707–83, sveitsisk matematikar, professor i fysikk i St. Petersburg i 1730–33, i matematikk 1733–41 og frå 1766, i Berlin 1741–66.
Han leverte grunnleggjande arbeid på dei fleste matematikkområda, og var ein av grunnleggjarane av moderne matematikk. Dei fleste arbeida gjeld infinitesimalrekninga, og mange oppdagingar er knytte til namnet hans, mellom anna Eulers formel, samanhengen mellom talet e og den imaginære eininga i.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 12.04.2012
Sist oppdatert: 24.04.2013