Faktaboks

Olaus Fjørtoft
Olaves Johannes Amundsen Fjørtoft, også skrive Olaus
Fødd
19. januar 1847, Haram (no Ålesund), Møre og Romsdal
Død
21. mai 1878, Kristiania (no Oslo)
Levetidskommentar
Døde berre 31 år gamal
Verke
Journalist, publisist og politisk agitator
Familie

Foreldre: Lensmann og gardbrukar Amund Olsen Fjørtoft (1809–95) og Anne Olsdatter Helland (1814–98).

Ugift.

Olaves Fjørtoft
Olaves Johannes Fjørtoft
Olaves Fjørtoft
Av /Norsk biografisk leksikon.

Olaves Fjørtoft. Etter teikning av Mathias Skeibrok.

.
Lisens: fri

Olaus Fjørtoft var matematikar, skribent og politisk agitator, og var ytterleggåande både i kristentru, sosialisme og målsak. Berre 14 år gamal gav han ut ei lærebok i praktisk rekning.

Fjørtoft vart fødd på Nogva på Skuløya i Haram kommune på Sunnmøre. Sjølv om han berre vart 31 år, sette han djupe spor etter seg i samtida si, først og fremst som politisk debattant, men også som eit av dei største matematiske talenta Noreg har hatt.

Fjørtoft starta dei to blada Tiraljøren og Fram, der han tok til orde for ein radikal politikk, tydeleg inspirert av dei nye sosialistiske straumdraga i Europa. Kombinasjonen av ein karismatisk veremåte og strengt logiske argument særmerkte Fjørtoft. For han var ein radikal sosialisme, ein dogmefri kristendom og eit dialektbasert norsk skriftmål alt saman delar av det same humanistiske frigjeringsprosjektet. Denne sterke blandinga av politikk og religion gjorde at Fjørtoft vart marginalisert i dei fleste miljø.

Eit ungt matematisk talent

Olaus Fjørtoft viste seg raskt som ein særs skuleflink gut. Den ambisiøse faren hans var lensmann i Haram og ville helst at Olaus skulle utdanne seg til prest. Alt som tenåring gjorde lensmannssonen seg umogleg overfor autoritetane. Han blei utvist frå både borgarskulen i Ålesund og realskulen i Molde på grunn av dei radikale meiningane sine. Det matematiske talentet var det likevel ingen som kunne ta frå han, og som 14-åring gav Fjørtoft ut ei lærebok i praktisk rekning.

For Fjørtoft var matematikk og logisk tenking reiskapar for å styre kvardagslivet til folk flest, og ein måte å organisere samfunnsliv og politikk på. Han var sterkt prega av Christopher Bruun og hans folkehøgskuleideologi. Fjørtoft meinte at ei individuell tilnærming til all kunnskap også ville føre til personleg frigjering for den einskilde. Dette var tankar han praktiserte medan han livnærte seg som privatlærar i matematikk i Kristiania. Ikkje minst var det tankar han tok med seg i sin kritikk av den dogmatiske, pietistiske norske kristentrua.

Strid i Samlaget

Olaus Fjørtoft stod som utgivar av det radikale bladet Tiraljøren i 1871 og av bladet Fram frå 1871 til 1873. Her utvikla han dei politiske ideane sine og trekte til seg eit miljø av radikale norskdomsmenn. Den såkalla Framkrinsen fekk aldri nokon stor innverknad, men i 1871 vart Fjørtoft og ein av kumpanane hans valde inn i styret til Det Norske Samlaget. Her kom dei snart i konflikt med formannen Hagbard Berner.

Først og fremst galdt konflikten sjølve målsaka. Fjørtoft var ein ortofonist som ville ha eit mest mogleg lydrett skriftbilete. Han ønskte såleis eit svært talemålsnært nynorsk, medan Berner var av dei som støtta ei standardisering ut frå Ivar Aasens eigen skriftnormal. Også politisk verka nok den ytterleggåande Fjørtoft provoserande på taktikaren Berner.

Det gjekk så langt at Hagbard Berner på årsmøtet til Samlaget i 1872 sette si eiga stilling inn på å hindre attval av Olaus Fjørtoft og Hans Jakob Horst til styret. Resultatet vart at dei to Fram-karane vart kasta ut av styret. Fjørtoft gav likevel ikkje opp, og heldt fram med å agitere for dei stadig meir radikale meiningane sine i det som vart kalla Samlaget Fram.

Brå og kvass

Året etter at han vart kasta ut av styret i Det Norske Samlaget, vart Olaus Fjørtoft også ekskludert frå Christiania Arbeidersamfund. Opposisjonstrongen og autoritetsforakta hans vart etter kvart så sterk at han vart meir og meir isolert både personleg og politisk. Den brå og kvasse veremåten hans, saman med omsynslaus ærlegdom, gjorde han til ein «outsider» i dei fleste miljøa.

Olaus Fjørtoft vart berre 31 år og døydde sjuk og utarma i 1878. Det må nemnast at han har skrive seg inn heile tre stader i den norske litteraturhistoria: som figuren Fram i Arne Garborgs Bondestudentar (1883), som Student Fredriksen i Gunnar Heibergs skodespel Tante Ulrikke (1883) og som Olav Toft i Kristofer Kristofersens roman Paa Forpost (1892).

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Fjørtoft, Olav: Olaus J. Fjørtoft : eit utsyn av livssoga og livsverket hans, 1921
  • Halvorsen, J.B.: Norsk Forfatter-Lexikon [...], B. 2, 1888, 294-96
  • Hovdenakk, Sindre: Alt er politikk. Hagbard Berner og hans tid. Oslo 2007
  • Risnes, Birger: «Olaus Fjørtoft». Norsk biografisk leksikon, band 3. Oslo 2001
  • Risnes, Birger: Olaus J. Fjørtoft : biografi og tekstar, 1985 (bibliografi: 194-98)

Faktaboks

Olaus Fjørtoft
Historisk befolkingsregister-ID
pf01052055012354

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg