Hopp til innhold
X
Innhald

Sonja Vasiljevna Kovalevskaja

Sonja Vasiljevna Kovalevskaja, 1850–91, russisk matematikar. Ho gifta seg i 1868 for å få lov til å studere utanlands, og fekk privatundervisning av Weierstrass i Tyskland fordi kvinner ikkje hadde tilgang til universitetet. Ho var professor i Stockholm frå 1889. Ho publiserte òg nokre litterære arbeid. Den vitskaplege produksjonen vart utgitt av det sovjetiske vitskapsakademiet i 1948.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 12.04.2012
Sist oppdatert: 12.04.2012