Hopp til innhold
X
Innhald

Sophus Lie

Sophus Lie, 1842–99, matematikar, professor ved Universitetet i Oslo og i Leipzig. Lie var særleg kjend for teorien om transformasjonsgruppene, såkalla Lie-grupper, som han brukte på ei rekkje område, mellom anna i differensiallikningar. Teoriane hans var viktige for kvantemekanikken. Dei samla verka hans kom i perioden 1922–37 (seks band).

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 12.04.2012
Sist oppdatert: 12.04.2012