Hopp til innhold
X
Innhald

Algebra

Algebra er ei grein av matematikken som omfattar studiet av operasjonar (rekning) med tal og variablar. Ordet kjem frå arabisk "algabr walmukablah" som er tittelen på ei lærebok i matematikk skriven av den arabiske matematikar al-Khwarizimi ca 820 e.Kr., sjå algoritme. Tittelen på boka tyder "overflyting" og spelar på den reknetekniske handsaminga av likningar. I moderne tid er det utvikla ein algebra der dei variable er matrisar, vektorar, mengder, utsegner osb. For kvar slik algebra må det definerast eigne operasjonar (reknereglar).

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 02.04.2012
Sist oppdatert: 06.12.2013