Hopp til innhold
X
Innhald

Analytisk geometri

Analytisk geometri er ei grein av matematikken der ein studerer og løyser geometriske problem med hjelp frå algebraiske metodar og bruk av koordinatsystem. På denne måten kan kurver som rett line, sirkel, ellipse osb framstillast som likningar. Skjering mellom slike kurver kan uttrykkjast med talpar. Metoden vart utvikla av René Descartes i boka Discours de la métode (1637).

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 02.04.2012
Sist oppdatert: 10.08.2012