Hopp til innhold
X
Innhald

Arabiske tal

Arabiske tal er nemning på dei vanlege talteikna våre, 0, 1, 2, 3, 4, 5, 6, 7, 8, 9. Desse teikna stammar opphavleg frå India og vart kjende i Europa gjennom arabarane. Frå omkring 1100 avløyste dei etter kvart dei romerske talteikna, I, V, X osv.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 02.04.2012
Sist oppdatert: 02.04.2012