Hopp til innhold
X
Innhald

Assosiativ lov

Assosiativ lov, matematisk, for addisjon er (a + b) + c = a + (b + c). Det vil seie at resultatet av rekneoperasjonen vert det same anten ein adderer summen av dei første tala til det tredje, eller det første talet til summen av dei to siste. For multiplikasjon gjeld den assosiative lova tilsvarande: (ab) c =a ⋅(bc). For subtraksjon og divisjon gjeld ikkje den assosiative lova.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 02.04.2012
Sist oppdatert: 02.04.2012