Hopp til innhold
X
Innhald

Avrunding

Avrunding er ein metode for å skrive om desimalbrøk. Den vanlegaste regelen er at dersom det første sifferet som vert stroke, er 5 eller større, vert desimalbrøken gjort høgare med å leggje 1 til det siste sifferet som ein held på. Dersom det første talet som vert stroke, er 4 eller mindre, gjer ein inga endring i det som står att.
Døme: 2,1473≈2,15 og 3,723691≈3,72

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 02.04.2012
Sist oppdatert: 02.04.2012