Hopp til innhold
X
Innhald

Binært talsystem

Binært talsystem er det same som eit totalsystem; eit posisjonssystem med talet 2 som grunntal (i motsetnad til det vanlege talsystemet vårt, som har talet 10 som grunntal). I eit binært talsystem kan berre sifra 0 og 1 brukast. Til dømes vert 11011 i binært talsystem skrive 124+123+022+12+1=16+8+0+2+1=27 i titalssystemet. Tala frå 1 til 5 i titalssystemet vert skrive slik i binært talsystem: 1, 10, 11, 100, 101.
Binært talsystem spelar ei viktig rolle i samband med datamaskiner, der dei to sifra 0 og 1 lèt seg representere fysisk ved at elektroniske brytarar vert stilte i éin av to moglege tilstandar: eller av.
Både vanlege tal, bokstavar, symbol og instruksjonar til maskina i form av maskinkode kan representerast i ei datamaskin med hjelp frå eit binært talsystem.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 02.04.2012
Sist oppdatert: 02.04.2012