Hopp til innhold
X
Innhald

Differensialrekning

Differensialrekning, matematisk, er ein matematisk disiplin som i utgangspunktet tek for seg endringar, til dømes aukingar eller reduksjonar. Viss eit fenomen som endrar seg over tid, kan skildrast matematisk, kan ein med hjelp frå derivasjon skildre kor raskt og i kva retning endringa går føre seg til eit kvart tidspunkt.
Differensialrekning vart utvikla av Leibniz og Newton og fekk svært mykje å seie for matematikken og den praktiske bruken av matematikk. Sjå integralrekning.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 02.04.2012
Sist oppdatert: 04.08.2012