Hopp til innhold
X
Innhald

Distributiv lov

Distributiv lov vert i matematikken kalla lova som knyter operasjonane addisjon (og subtraksjon) saman med multiplikasjon på denne måten: a(b+c) = ab + a.c, der a, b og c er tal. Vi seier at multiplikasjon er distributiv over addisjon. Det finst andre operasjonar og andre objekt enn tal der distributivitet òg gjeld, til dømes i mengdelære, funksjonsteori med fleire.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 02.04.2012
Sist oppdatert: 02.04.2012