Hopp til innhold
X
Innhald

Divisjon

Divisjon, matematisk, eller deling vert ofte omtalt som det omvendte av multiplikasjon. Å utføre ein divisjon vert kalla å dividere. Å dividere a med b vil seie å finne eit tal k som vert kalla kvotient, og som er slik at k.b = a. Å dividere a med b vert skrive slik: a : b, og her vert a kalla dividend og b divisor. Divisjon med null lèt seg ikkje utføre.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 02.04.2012
Sist oppdatert: 02.04.2012