Hopp til innhold
X
Innhald

Eksponentialfunksjon

Eksponentialfunksjon, matematisk, er ein funksjon av forma f(x) = kenx, der e er grunntal i det naturlege logaritmesystemet og k og n er konstantar. I staden for talet e kan kva positivt tal som helst nyttast. Ofte vert talet 10 òg brukt.
Eksponentialfunksjonen vert ofte brukt for å skildre vekst, og vert då kalla vekstfunksjon.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 02.04.2012
Sist oppdatert: 02.04.2012