Hopp til innhold
X
Innhald

Ekstremalpunkt

Ekstremalpunkt, matematisk, er eit punkt på ein funksjonsgraf med større (eller mindre) funksjonsverdi enn nærliggjande punkt på grafen.
Til dømes er punktet (c, f(c)) eit maksimalpunkt, og y=f(c) vert då kalla maksimalverdi, viss c tilhøyrer eit intervall <a,b> i definisjonsmengda til f og f(x) < f(c) for alle andre x i intervallet. Tilsvarande gjeld for minimalpunkt og minimalverdi. Viss intervallet kan danne heile definisjonsmengda, er ekstremalpunkt høvesvis maksimumspunkt, maksimumsverdi og minimumspunkt, minimumsverdi for f. I alle tilfelle er punkta ekstremalpunkt og alle verdiane ekstremalverdiar. Sjå funksjon og graf.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 02.04.2012
Sist oppdatert: 02.04.2012