Hopp til innhold
X
Innhald

Ellipse

Ellipse (frå gresk elleipsis, mangel), matematisk, høyrer til den klassa av kurver som vert kalla kjeglesnitt. Namnet kjem av at kurva vert samanlikna med eit rektangel, og ellipsen "manglar" ein del på å fylle dette rektangelet. Ellipsen har den eigenskapen at summen av avstandane frå alle punkt til to brennpunkt er konstant.
I eit rettvinkla koordinatsystem har ellipsen likninga x2/a2 + y2/b2 = 1.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 02.04.2012
Sist oppdatert: 02.04.2012