Hopp til innhold
X
Innhald

Ellipsoide

Ellipsoide, matematisk. Roterer vi ein ellipse rundt ein av aksane, kjem ein rotasjonsellipsoide fram. Den flata som kjem fram, er eit døme på ei annangradsflate. Den generelle ellipsoiden er ei annangradsflate med følgjande eigenskap: Skjer vi denne med plan parallelle med koordinatplana, sjå koordinatsystem, får vi ellipsar.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 02.04.2012
Sist oppdatert: 21.05.2012