Hopp til innhold
X
Innhald

Firefargeproblemet

Firefargeproblemet går ut på å prove påstanden om at det ikkje trengst meir enn fire fargar for å fargeleggje eit kart slik at land som har felles grense, aldri har same farge. Briten Francis Guthrie formulerte problemet i 1852, men det endelege provet kom først i 1976, då etter 1200 timar utrekningar med ei datamaskin (ved dei amerikanske matematikarane K. Appel og W. Haken).
Firefargeproblemet var det første store matematiske teoremet som vart prova med hjelp frå ei datamaskin.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 02.04.2012
Sist oppdatert: 02.04.2012