Hopp til innhold
X
Innhald

Formel

Formel (frå latin formula, form, mønster, regel osb, via tysk). Formel er ei kort, gjerne ritualprega setning, slåande uttrykk eller talevending, ofte det same som formular. 
I matematikken tyder formel ei fast binding mellom tal og matematiske symbol som vert brukte for å uttrykkje ei matematisk utsegn.
I kjemien er formel eit system for å seie noko om korleis eit kjemisk stoff er sett saman. Kvart grunnstoff har sitt kjemiske symbol, og eit tal fortel kor mange atom av grunnstoffet som går inn i eit molekyl av stoffet. Formelen for vatn er H2O. Det vil seie at i eit vassmolekyl er det to atom hydrogen og eitt atom oksygen.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 02.04.2012
Sist oppdatert: 02.04.2012