Hopp til innhold
X
Innhald

Geometri

Geometri (gresk ge, jord, og metrein, måle). Ei grein av matematikken som omfattar læra om figurar og flater. Plangeometri handsamar plane figurarar, medan romgeometri (stereometri) tek for seg tredimensjonale figurarar. Sfærisk geometri handsamar geometri på kuleflata. Studiet av geometri har røter frå Egypt i oldtida og vart seinare systematisert av Euklid.
Descartes utvikla den analytiske geometrien på 1600-talet, og Riemann skapte den ikkje-euklidske geometrien på 1800-talet.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 02.04.2012
Sist oppdatert: 02.04.2012