Hopp til innhold
X
Innhald

Hyperbel

Hyperbel, matematisk, er ei kurve med den eigenskapen at differensen mellom avstandane frå alle punkt på kurva til to faste punkt, brennpunkta, er konstant. Hyperbelpunkta høyrer til kjeglesnittet.
Hyperbelen har to symmetriaksar. Den eine går gjennom brennpunkta, den andre er midtnormal til linestykket mellom dei. Hyperbelen er alltid sett saman av to greiner som nærmar seg to rette liner som vert kalla hyperbelasymptotar. Hyperbellikninga er x2/a2-y2/b2 = 1.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 02.04.2012
Sist oppdatert: 02.04.2012