Hopp til innhold
X
Innhald

Integralrekning

Integralrekning er ein del av matematikken som saman med differensialrekning dannar den grunnleggjande operasjonsmetoden i matematisk analyse. Integralrekning vart skapt av Leibniz og Newton.
Å integrere ein funksjon f(x) vil seie å finne den funksjonen (integralet av f(x)) der den deriverte er f(x). Integrering er difor det motsette av derivering. Eit integral kan oppfattast som ein sum av uendeleg mange uendeleg små storleikar.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 02.04.2012
Sist oppdatert: 02.04.2012