Hopp til innhold
X
Innhald

Kjegle

Kjegle, matematisk, er ein lekam som er avgrensa av ei sideflate og ei plan grunnflate. Ei kjegle kan tenkjast framkomen ved at ei rett line (generatrisen, den skildrande lina) dreier seg om eit fast punkt T (toppunktet) på lina, medan lina følgjer ei lukka kurve (direktrisen, styrelina) i grunnflateplanet. Den skildrande lina dannar kjegleflata. Dersom styrelina er ein sirkel, vert kjegla sirkulær. Ei rett line mellom toppunkt og sentrum i sirkelen vert kalla kjegleakse. Står aksen loddrett på grunnflata, er kjegla rett, i motsett fall kan ho kallast skeiv. Avstanden frå toppunktet til grunnflata vert kalla kjeglehøgd. Volumet er 1/3 gonger grunnflatearealet gonger høgda.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 02.04.2012
Sist oppdatert: 02.04.2012