Hopp til innhold
X
Innhald

Komplekse tal

Komplekse tal er tal med forma a+ib, der a og b er reelle tal og i den imaginære eininga √-1, altså den storleiken som tilfredsstiller likninga x2+1=0. Leddet ib vert kalla den imaginære delen, a den reelle delen av det komplekse talet.
Dei komplekse tala kan representerast som punkt i eit plan, det komplekse planet, den reelle delen langs x-aksen, kalla den reelle aksen, og den imaginære delen langs y-aksen, kalla den imaginære aksen.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 02.04.2012
Sist oppdatert: 02.04.2012