Hopp til innhold
X
Innhald

Kongruens

Kongruens. I geometrien tyder kongruens at to figurar kan bringast til å dekkje kvarandre heilt. I talteorien seiest det at to tal kan vere kongruente med omsyn til eit tredje når begge tala dividerte med det tredje, gir same rest.
Språkvitskapleg tyder kongruens: Det at eit ord samsvarer (kongruerer) med eit anna ord med omsyn til visse grammatiske trekk, som i ein liten bil og eit lite hus, der determinativen (ein/eit) og adjektivet (liten/lite) kongruerer med substantivet med omsyn til genus (grammatisk kjønn). Det vil seie samsvarsbøying.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 02.04.2012
Sist oppdatert: 02.04.2012