Hopp til innhold
X
Innhald

Konstant

Konstant (latin constanter, av constare, halde seg uendra) er noko som ikkje kan endrast, som er varig; ein uendra storleik. Matematisk tyder konstant eit tal som i ein gitt samanheng, ikkje endrar seg. I y = 3x + 7 er tala 3 og 7 konstantar. I fysikken opptrer talrike konstantar, til dømes gravitasjonskonstanten og Plancks konstant.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 02.04.2012
Sist oppdatert: 02.04.2012