Hopp til innhold
X
Innhald

Koordinatsystem

Koordinatsystem er i matematikken ein metode for å seie kvar eit punkt ligg i planet eller rommet.
Det enklaste koordinatsystemet i planet er samansett av to rette talliner vinkelrett på kvarandre. Skjeringspunktet, origo, er nullpunktet på begge linene. Den vassrette lina vert kalla første og den loddrette andre akse. Eit punkt i planet vert karakterisert med eit talpar, til dømes (3, 2), som viser koordinatane til punktet. Eit punkt i rommet kan på tilsvarande måte visast med hjelp frå tre talliner som står loddrette på kvarandre. Eit punkt vert då gitt med hjelp frå ein taltriplett (a, b, c), som viser koordinatane langs høvesvis 1., 2. og 3. akse.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 02.04.2012
Sist oppdatert: 02.04.2012