Hopp til innhold
X
Innhald

Kvadratur

Kvadratur, matematisk, er omdanning av ei flate (avgrensa område) til eit kvadrat med same areal. Kvadraturen til sirkelen er eit problem der ein med hjelp frå passar og linjal skal gjere om ein sirkel til eit kvadrat med same areal.
Med provet frå Lindemann i 1822 for at π er eit transcendent tal, fekk ein på same tid prov for at kvadraturen til sirkelen er umogleg å få fram med berre passar og linjal.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 03.04.2012
Sist oppdatert: 03.04.2012