Hopp til innhold
X
Innhald

Line

Line (frå latin) er ei gamal norsk eining for lengd lik 1/12 tomme = 2,179 mm, jamfør line. Matematisk: Line er i den euklidske geometrien eitt av dei udefinerte omgrepa, helst i tydinga rett line. Line vert òg omtalt som ein eindimensjonal storleik. Likninga for ei rett line er y=ax+b, der b er skjeringa med y-aksen.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 03.04.2012
Sist oppdatert: 03.04.2012