Hopp til innhold
X
Innhald

Logaritmar

Logaritmar (frå gresk logos, ord, tilhøve, og arithmos, tal). Logaritmen til eit positivt tal a er den eksponenten n som eit gitt grunntal g må opphøgjast i for å gi talet, altså a = gn. Det vert skrive n = log a. Det mest brukte logaritmesystemet er det briggske med grunntal 10. Nemning: lg. Eit anna viktig logaritmesystem er det naturlege som har det transcendente talet e = 2,718... til grunntal. Nemning: ln.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 03.04.2012
Sist oppdatert: 03.04.2012