Hopp til innhold
X
Innhald

Mandelbrotmengd

Mandelbrotmengd, matematisk, er ei symmetrisk billeliknande form, eit fraktalbilete, som gir att det punktet der ei såkalla juliamengd endrar seg avgjerande. Viss ein forstørrar mandelbrotmengdekantane, finn ein att formene i miniformat. Fraktalgeometrien (sjå fraktalar), som er den matematikken som skapar mandelbrotmengda, har dermed eigenskapar som vi òg finn att i naturkaoset (sjå kaosteori). Han er sjølvsimulerande, svært avhengig av verdien av dei matematiske konstantane som vert sette inn i likningane, og han er deterministisk sjølv om han ikkje er føreseieleg.
Mandelbrotmengd er kalla opp etter den polsk-franske matematikaren Benoït Mandelbrot som på 1970-talet tok opp att arbeidet med perifere matematiske problem som dannar grunnlaget for det han kallar fraktalar. At mandelbrotmengdekantane er svært komplekst utbygde, speglar det faktumet at grensa mellom orden og kaos er utruleg rotete, ifølgje Mandelbrot sjølv.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 03.04.2012
Sist oppdatert: 03.04.2012