Hopp til innhold
X
Innhald

Mengd

Mengd, matematisk, er eit grunnomgrep i mengdelæra, som er ein matematisk teori først utforma av Georg Cantor etter 1870, og forbetra av Zermelo i 1908.
 Ei mengd er ei samling av vilkårlege og ulike ting (element) og slik at det er fastlagt om ein ting er med i samlinga eller ikkje. To mengder som har det same talet på element, har same kardinaltal.
Mengdelæra har eit eige symbolspråk. Døme: A = {5, 6, 7, 8} vil seie at A er mengda av tala 5, 6, 7 og 8. Den tomme mengda er ei mengd utan element. Ho kan skrivast {}, men har òg eit eige symbol, ein sirkel med ein skrå strek (ikkje ein Ø).
Den greina av matematikken som tek for seg relasjonar mellom mengder, vert kalla mengdealgebra.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 03.04.2012
Sist oppdatert: 03.04.2012