Hopp til innhold
X
Innhald

Multiplikasjon

Multiplikasjon (frå latin multiplicare, mangfaldiggjere) er ein av dei fire elementære rekneoperasjonane eller rekneartane.
Multiplikasjon av to naturlege tal er definert som gjenteken addisjon. Til dømes kan addisjonen 4+4+4+4 skrivast som multiplikasjonen 4.4, der prikken mellom tala vert kalla multiplikasjonsteikn. Svaret på ein multiplikasjon vert kalla eit produkt, og dei to tala i ein multiplikasjon vert kalla multiplikator og multiplikand, under eitt kalla faktorar.
Vanleg multiplikasjon, det vil seie mellom tal, følgjer tre viktige lover: den kommutative lova, det vil seie at ab = ba ("faktororden er likegyldig"), den assosiative lova, det vil seie a(bc) = (ab) c, og den distributive lova, det vil seie (bc) = ab + ac.
I ei rekkje greiner i matematikken vert multiplikasjon definert mellom andre element enn tal og utan at alle dei tre lovene er oppfylte.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 03.04.2012
Sist oppdatert: 03.04.2012