Hopp til innhold
X
Innhald

Normalfordeling

Normalfordeling, matematisk. Når eit innsamla statistisk materiale skal illustrerast med eit histogram, viser det seg i mange tilfelle at vi får ein figur som er noko lunde symmetrisk om middelverdien til materialet og har ei "klokkeform". Ein matematisk modell som i mange tilfelle dekkjer denne situasjonen, vert kalla normalfordeling. Funnet vart gjort av Gauss i 1809 og Laplace ca 1780 og 1812.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 03.04.2012
Sist oppdatert: 03.04.2012