Hopp til innhold
X
Innhald

Numerisk analyse

Numerisk analyse er ei grein av matematikken der ein studerer numeriske metodar. Det vil seie utrekningar med berre rasjonale tal (tilnærmingar), slik som det til dømes alltid vil vere i datamaskiner. Dermed vil ein stor del av teorien i numerisk analyse dreie seg om feilmarginar, om handteringa og minimaliseringa av avvik som kan oppstå i utrekningane.
Numerisk analyse vert ofte brukt i reint praktiske samanhengar, men minst like hyppig når målet er å finne tilnærma løysingar på reint teoretiske problemstillingar i matematikk.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 03.04.2012
Sist oppdatert: 03.04.2012