Hopp til innhold
X
Innhald

Oktaeder

Oktaeder (frå gresk okto, åtte, og hedra, sete) er ein lekam avgrensa av åtte plane sideflater. I eit regulært oktaeder (eit av dei fem regulære polyedra, òg kalla "platonske lekamar") er sideflatene kongruente, likesida trekantar. Eit regulært oktaeder har seks hjørne og tolv sider.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 03.04.2012
Sist oppdatert: 03.04.2012