Hopp til innhold
X
Innhald

Omvendt funksjon

Omvendt funksjon, eller invers funksjon, matematisk. Gitt ein funksjon f. Funksjonen F vert kalla den omvendte eller inverse funksjonen til f viss f(F(x)) = F(f(x)) = x. Visse vilkår må vere oppfylte for at ein funksjon skal ha ein invers funksjon. Ofte vert F skrive som f -1. Grafane til f og f -1 ligg symmetrisk om lina y = x.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 03.04.2012
Sist oppdatert: 03.04.2012