Hopp til innhold
X
Innhald

Paraboloide

Paraboloide, matematisk, romflate av annan grad. Paraboloide er anten elliptisk (alle plane snitt vinkelrette på ein av koordinataksane er parablar eller ellipsar) eller hyperbolsk (alle plane snitt vinkelrette på ein av koordinataksane er parablar eller hyperblar). Ein rotasjonsparaboloide kjem fram når ein parabel roterer om sin eigen akse.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 03.04.2012
Sist oppdatert: 03.04.2012