Hopp til innhold
X
Innhald

Parallellogram

Parallellogram, matematisk, er ein firkant med parvis parallelle sider. Arealet er produktet av ei side og høgda. Dersom alle sider er like og alle vinklar rette, vert det kalla kvadrat. Er to og to sider like og alle vinklar rette, vert det kalla rektangel. Er vinklane skeive og sidene like lange, vert det kalla rombe.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 03.04.2012
Sist oppdatert: 19.10.2012