Hopp til innhold
X
Innhald

Parameter

Parameter (frå gresk para, ved sida av, og meter, måling), matematisk, vert òg omtalt som "variabel konstant". I dette ligg det at ein parameter er ein variabel, men skal sjåast på som ein konstant i forhold til andre variablar i ein gitt samanheng. Til dømes i funksjonen f(x) = 3x + t er både x og t variable storleikar, men x er den eigentlege funksjonsvariabelen. Her er t parameter.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 03.04.2012
Sist oppdatert: 03.04.2012