Hopp til innhold
X
Innhald

Periodisk funksjon

Periodisk funksjon, matematisk, er ein funksjon der funksjonsverdiane vert tekne opp att regelbunde. Ein funksjon f er periodisk med periode a viss vi for alle x har at f(x+a)=f(x). Dei trigonometriske funksjonane sin x og cos x er døme på periodiske funksjonar med periode lik 2π.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 03.04.2012
Sist oppdatert: 03.04.2012