Hopp til innhold
X
Innhald

Permutasjon

Permutasjon (frå latin permutare, endre). Matematisk: Det å endre rekkjefølgja på ei samling av ting, til dømes bokstavar, til dømes frå a, b, c til b, a, c. Juridisk: Å danne om stiftingar. Reglar om permutasjon finst i stiftingslova 1980, som i det vesentlege gir slikt mynde til Kongen (Justisdepartementet).

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 03.04.2012
Sist oppdatert: 03.04.2012