Hopp til innhold
X
Innhald

Polyeder

Polyeder er ein lekam som vert avgrensa av plane flater (sideflater). Etter talet på sideflater vert polyederet kalla tetraeder, pentaeder, heksaeder osv. Mellom polyeder er prisme og pyramide. Eit regulært polyeder har regulære mangekantar som sideflater, jamfør platoniske lekamar.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 03.04.2012
Sist oppdatert: 03.04.2012