Hopp til innhold
X
Innhald

Punkt

Punkt. Måleeining i typografien. Den tyske skriftstøyparen Hermann Berthold delte i 1879 éin meter i 2660 typografiske punkt, der 1 punkt = 0,37594 mm; no definert lik 0,376 mm. Punkt vert nytta som mål for skriftgrader. 
Matematisk: Eitt av grunnomgrepa i geometrien til Euklid. Det vil seie at omgrepet ikkje vert definert sjølv om Euklid ymta om det. Punkt vert sett med hjelp frå eit talpar i eit koordinatsystem.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 03.04.2012
Sist oppdatert: 03.04.2012