Hopp til innhold
X
Innhald

Radian

Radian. Symbol: rad. I SI-systemet er radian eininga for mål av plan vinkel. Ein radian er den vinkelen mellom to radiar som avgrensar ein boge av sirkelomkrinsen med ei lengd lik radien. 1 rad svarar til ca 57,3o; 2π rad = 360o. Sjå grad.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 03.04.2012
Sist oppdatert: 03.04.2012