Hopp til innhold
X
Innhald

Rekkje

Rekkje, matematisk, kjem fram når ein adderer elementa (ledda) i ei talfølgje, a1+a2+...a?+... der a1 er tal eller andre matematiske objekt som kan adderast. Ei geometrisk rekkje kan skrivast a+ak+ak2+..akn...; forholdet mellom eitt ledd og det føregåande er konstant.
Ei aritmetisk rekkje kan skrivast a+(a+p)+(a+2p)+...+(a+np)+...; differansen mellom eitt ledd og det føregåande er konstant.
Når summen av ledda i ei rekkje går mot eit fast tal, seier vi at rekkja konvergerer (er korvergent). Viss det kan visast at summen veks over alle grenser når vi stadig legg til nye ledd, seier vi at rekkja divergerer (er divergent).

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 03.04.2012
Sist oppdatert: 03.04.2012