Hopp til innhold
X
Innhald

Rom

Rom, matematisk, er i vidaste forstand alle mengder der det er definert eit avstandsomgrep. Det tredimensjonale rommet, som vi opplever omkring oss, kan skildrast med tre koordinat: x, y og z (lengd, breidd, høgd).
I relativitetsteorien vert tid oppfatta som ein fjerde dimensjon.
Tid og rom vert samanfatta i eit firedimensjonalt tid-rom.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 03.04.2012
Sist oppdatert: 03.04.2012