Hopp til innhold
X
Innhald

Romartal

Romartal er eit notasjonssystem der bokstavar gir namn til siffer.
Romartala omfattar I, V, X, L, C, D og M som høvesvis står for tala 1, 5, 10, 50, 100, 500 og 1000.
 Tala vert bygde opp med hjelp frå addisjons- og subtraksjonsreglar. Talet 3 vert skrive som III (altså I+I+I) og 20 som XX. Talet 4 kunne bli skrive som IIII, men mest vanleg var IV, lese som at 1 skal trekkjast frå 5; med andre ord at like tal, sjeldan fleire enn tre, vert adderte. Eit lågare tal framfor eit høgare skal trekkjast frå, men berre eitt, og berre det næraste i storleik. 45 vart til dømes ikkje skrive VL, men XLV. Lågare tal etter eit høgare vert lagt til. MDCCXLIV tyder 1844. Den eldste inskripsjonen med romartal, skriv seg frå ca 260 f.Kr.
Romartal var i bruk til 1700-talet, men då først og fremst i bokføring. I dag vert romartal berre brukt i liten grad, til dømes som kapittelnummer.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 03.04.2012
Sist oppdatert: 03.04.2012