Hopp til innhold
X
Innhald

Romgeometri

Romgeometri, stereometri, er den delen av geometrien som tek for seg figurar i rommet. Frå dei eldste tidene har romgeometri handsama problemstillingar som volum og overflate av romlekamar, til dømes terningar, pyramidar eller kuler.
Meir avansert, som til dømes ved studiet av kurver, generelle flater, kraftfelt med meir i rommet, vert eit koordinatsystem innført. Det enklaste og vanlegaste er eit koordinatsystem med tre aksar som står vinkelrette på kvarandre, og kvart punkt vert avgjort av tre storleikar, oftast skrive som x, y og z, som gir avstanden frå punktet til dei tre koordinataksane. Til dømes vil ei likning av forma ax + by + cz = d avgjere eit plan i rommet.
Mellom dei viktigaste hjelpemidla i romgeometri er vektor- og tensorrekning og differensialgeometri.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 03.04.2012
Sist oppdatert: 03.04.2012