Hopp til innhold
X
Innhald

Rot

Rot. I botanikken er rota er eitt av dei tre grunnorgana hos planter (dei andre er blad og stengel). Det er eit smalt og greinete organ utan blad og skjel. Ei rot kan ha ulike oppgåver. Ho held planta fast i jorda, tek opp vatn og næringssalt og verkar som lagringsorgan for organiske stoff. På dei yttarste, små rotgreinene er det ei sone med tynnvegga rothår der vassopptaket skjer. Frå kimen i eit frø gror det først ut ei kimrot, som vidare utviklar seg til ei hovudrot eller pålerot hos tofrøblada planter.
Hos einfrøblada planter døyr hovudrota tidleg og vert erstatta av ei knipperot, det vil seie ei rekkje birøter som veks ut frå den nedre delen av stengelen. Hos tropiske epifyttar, til dømes mange orkidear, vert ei form for luftrøter som tek opp vatn direkte frå lufta, utvikla. Tropiske sumpplanter kan ta opp oksygen gjennom ånderøter som veks opp over jorda (sumpmark). Klatrerøter finst hos somme klatreplanter, til dømes eføy (bergflette).
Matematisk tyding: Ved n-te rot av eit tal a forstår ein det talet b som opphøgd i n-te potens gir a. Dette vert skrive ⁿ√a = b når bⁿ = a. Rotteiknet vert teke for å vere ei form for bokstav r (frå latin radix, rot) og vart innført på 1500-talet. Når n = 2, vert ikkje 2-talet skrive. Uttrykket vert då kalla kvadratrota (av a). Når n = 3, vert talet skrive, og uttrykket vert kalla kubikkrota (av a).
Rot er også nemninga på eit tal som når det vert sett inn i staden for det ukjende i ei likning, gjer at utsegna er sann, vert kalla rota til likninga. Likningar av høgare grad enn den første, og likningssystem med fleire ukjende, har tilsvarande fleire røter. Det å finne rota (røtene) vert kalla å løyse likninga(ne). Når ein tillèt komplekse tal, vil ei likning av n-te grad ha n røter, der to eller fleire kan vere like.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 03.04.2012
Sist oppdatert: 03.04.2012